Fabelaktig Fredag 2025: En dag for samarbeid om moglegheiter
Fabelaktig Fredag 2025 for søre Sunnmøre på Quality Hotel Ulstein/Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.
Det var med stor spenning vi tok sjansen på å invitere til vår aller første Fabelaktig Fredag på søre Sunnmøre. Ville vi nå fram til arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar i dei sju kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda? Frå fjordar og fjell – til holmar og skjer💎
Fabelaktig Formiddag
Eit annleis arrangement som bygger bru mellom arbeidssøkarar og arbeidslivet, og som løftar fram inkludering som ein nødvendig del av framtida sin rekrutteringsstrategi. Med inspirerande program for å motivere – og ei jobbmesse der godt budde jobbsøkarar møter arbeidslivet som jaktar nye tilsette.
Vi lykkast med å samle om lag 400 menneske på første forsøk. Og ikkje minst 31 verksemder frå heile regionen som stilte med eigne stands. Fantastisk! Det blei rapportert om mange gode samtalar og ikkje minst avtalar om vidare oppfølging og intervju. I skrivande stund har vi ikkje oversikt over resultatet – men utan tvil blei det skapt eit godt grunnlag for mange kandidatar.
God stemning frå start på Sjøborg kulturhus.
Frå kl. 09:45 starta programmet frå scena, før sjølve jobbmessa opna kl. 12:00 – 15:00.
Etter den offisielle opninga ved fylkesordførar Anders Riise kunne den sprudlande programleiaren Yvonne Haagensen lose oss trygt gjennom programmet. Yvonne er mellom anna å finne på ulike sosiale media under namnet «This is Yvonne».
Programleiar Yvonne Haagensen
Vi fekk høyre:
💎Kulturinnslag frå vokalgruppa Gutta Voice frå Volda vidaregåande skule
💎Kommuneekspert Håvard Moe frå KS. Med solid og tankevekkande bakgrunnsmateriale utfordra han oss på at vi må tenkje nytt - både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar - på korleis vi i framtida må jobbe for å oppretthalde velferdssystemet vårt. Vi manglar arbeidskraft!
💎Mone Celin Skrede. Ho vaks opp på Sunnmøre og er fødd ei arm som er kortare enn den andre. Først i møte med andre, fann ho seg sjølv. I 2025 ga ho ut den personlege boka «Mi høgre hand: Mot ein identitet som funksjonshemma». Ei bok ho håpar skal bidra til å starte samtalar om identitet og om det å passe inn.
💎Ungdomen Håkon Stokke (17) frå Sæbø. På kort tid blitt eit kjent namn i sosiale medium, med over 320 000 følgarar fordelt på TikTok, Snapchat, Instagram og YouTube. Gjennom sin eigen stil og evne til å skape gjenkjenning, bidrog Håkon til å setje ord på utfordringar knytte til fellesskap, forskjellar og kven som får vere med – og løfta dermed viktige samtalar i dagens ungdomskultur.
💎Herman Brune Leikanger – utdanna musikalartist og bakgrunn som ungdomsarbeider. Herman har solid kunnskap om e-sport og gaming, ikkje minst gjennom jobben sin i Metizport. Han formidla på ein engasjerande måte om alle dei menneskelege ressursane som finst i dette miljøet. Om korleis gaming også kan brukast til å skape relasjonar og deretter arbeidsrelasjonar.
💎Bjørne Bjørnson Skarbøe. Han veit korleis det er å stå utanfor arbeidslivet i lang tid – for så å finne vegen tilbake. Han heldt eit fantastisk foredrag om mental helse, arbeidsmiljø og inkludering og viste korleis arbeidsgjevarar vinn på å sjå verdien i kandidatar med ein annleis bakgrunn enn den klassiske.
💎Før sjølve jobbmessa inviterte vi tre arbeidsgjevarar på scena til ein «speed-presentasjon»: Desse var Ode, Volti og Vartdal Plast.




Furene si avdeling Mjøl og Meir serverte til gull!
Fabelaktig Fredag for arbeidslivet
Frå kl. 15:45 inviterte vi arbeidsgjevarane i regionen til eit program med tema korleis vi i lag klarer å skape eit arbeidsliv med moglegheiter for alle. Over 40 ulike verksemder var representert i salen.
Etter opning ved ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, tok Yvonne igjen fatt på oppgåva med å lose programmet trygt i hamn.
Vi hadde dei same foredragshaldarane men eit anna flott kulturinnslag frå Volda vidaregåande skule: Jentebandet Røynda

Årets prisvinnarar:
Ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide, delte ut prisen Årets Eldsjel.
Som grand finale på ein fabelaktig fredag runda vi av med utdeling av prisar. Ein høgtideleg og flott seremoni til ære for dei som har utmerka seg i arbeidet med å inkludere menneske og gjerne strekt seg ekstra langt for å finne ei løysing. Vi gratulerer til alle nominerte. Vinnarane blei:
🏆Årets Ungdomssatser: Vartal Plast
🏆Årets Nyskapar: Metizport
🏆Årets Eldsjel: Ann Turid Andersen Egset
Vinnarane, frå venstre: Frå venstre: Linda Sævik (på vegne av Ann Turid Andersen Egset), Gunnhild Aarsæther, Sindre Vartdal (Vartdal Plast) og Jan Rune Dalsøren (Metizport).
Stor takk til vår hovudsponsor 💎Sparebanken Møre 💎for sitt bidrag til at denne dagen blei mulig. En regional bank som gjennom sine bidrag er ein svært viktig samfunnsaktør i arbeidet med inkludering. Dei hadde også nyttig foredrag om personleg økonomi.

Vi er også takknemlege for det gode samarbeidet med næringslaga på Søre Sunnmøre (NÆSS). NAV Møre og Romsdal leia juryarbeidet og med gode representantar frå næringslaga og MAFOSS fekk vi samla brei kompetanse til dette arbeidet. I lag med NAV bidrog dei også med marknadsføring og mobilisering av arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar til arrangementet.
Nemnast må også samarbeidet med Fremtidslaben og ikkje minst representantar frå dei to lokale NAV-kontora på søre Sunnmøre.
Inkluderingsjobben er ikkje over! Lat oss halde stemninga og motivasjonen til å bygge eit samfunn med moglegheiter for alle💎
På vegner av arrangørane:
Nav - NÆSS - Framtidslaben - Furene
Alle foto: Oclin, Volda.