Mulighetenes Marked skal ikkje vere “ei vanleg jobbmesse”, men eit ope arrangement der vi vil motivere, vere brubyggar, skape merksemd og inspirere.
Program
09.30 Dørene opnar
09.45 Program
Arrangementet startar for jobbsøkarane med eit innhaldsrikt program, der Mattias Grimstad og Kjetil Krogstad har foredrag.
Det blir ein sofaprat med lokale aktøra, premiere av kortfilmar og musikalske innslag.
Så er det duka for jobbmesse med lokale bedrifter som har arbeidskraftsbehov, der ein kan presentere seg sjølv og høyre meir om ulike bedrifter.
12.00 Jobbmesse
Fabelaktig Jobbmesse startar like etter Fabelaktig Formiddag. Her vil du møte karriererettleiarar og arbeidsgjevarar med rekrutteringsbehov frå ulike bransjar. Kanskje finn du din fyrste eller neste arbeidsgjevar her?
For å få best mogleg utbytte av Fabelaktig Jobbmesse er det lurt å ha med oppdatert CV. Dersom du er under oppfølging av Nav eller Furene kan jobbkonsulenten hjelpe deg med førebuingane.
14.00 Jobbmesse slutt- vel heim
Arrangørene
Nav - Furene - Fremtidslaben - Næss
![]()
Hovudsponsor
Sparebanken Møre
![]()
- VELKOMMEN -
Har bedrifta di behov for arbeidskraft?
Ønskjer de å møte potensielle arbeidstakarar og synleggjere verksemda dykkar? De er velkomne til å ha stand på jobbmessa.
